Uttalelse frå LO i Stavanger og omegn sitt styre 21. august 2019:
LO i Stavanger og Omegn gir si fulle støtte til kampen for tariffavtale i Foodora og står bak sykkelbuda som gjekk ut i streik tirsdag 20. august.
Sykkelbuda i Foodora har jobba for å få tariffavtale i tre år. Arbeidsgiver har vore motvillige sjølv om dei seier at dei er positive. Meklinga før sommaren førte ikkje fram, det var openbart at Foodora ikkje var interessert i ein avtale. I første omgang er 102 sykkelbud tatt ut i streik.
Den norske velferdsstaten er bygd på eit regulert arbeidsliv med tariffavtaler og ordna arbeidsforhold. Me kan ikkje akseptere at nokre yrkesgrupper skal ha lønn og arbeidsvilkår som ligg langt under vanleg tarifflønn.
Foodora er ein matformidlingstjeneste som leverer mat frå restaurantar. Maten blir kjørt ut med sykkel som budet sjølv om kjøpe og holde vedlike. Det burde derfor vere opplagt at arbeidsgjevar må kompensere utgiftene til dette, alternativet må vere at arbeidsgjevar kjøper syklar og sørgar for å holde dei vedlike så dei er trygge å bruke.
Leiinga i Foodora har gitt uttrykk for at å imøtekomme krava vil føre til enorme kostnader for selskapet. Fellesforbundet har dokumentert at bedrifta sine påstandar om kostnadsauke er fri fantasi. Det kan uansett ikkje vere slik at me i Norge tillater forretningsmodeller som baserer seg på underbetalte ansatte som i tillegg sjølv må bere kostnadene ved materiellet (syklane i dette tilfellet) som er nødvendig for å levere tjenestene.
Me oppfordrer fagforeningane våre og alle andre som er for eit organisert arbeidsliv til å støtte streiken. Samstundes oppfordrer med dei Foodora-ansatte i Stavanger til å organisere seg i Fellesforbundet og delta i kampen for tariffavtale.