LO i Stavanger og Omegn gir sin fulle støtte til vektarane organisert i Norsk Arbeidsmandsforbund og Parat som er i streik frå 16.september.
Vekterlønna har sakka akterut dei siste oppgjera og me reagerer sterkt på at arbeidsgjevarane ikkje viser vilje til å tette gapet som har oppstått, ikkje ein gong innanfor ramma av frontfaget. Vektarane fortener ei langt betre lønn enn dei har i dag. Dei gode orda dei har fått frå alle hold for å ha vore ei av yrkesgruppene i front under korona-krisa betaler ingen rekningar og bringer ikkje mat på bordet.
Nattillegget og helgetillegget for vektarane har stått stille i 10 år og lønna har sakka akterut. Arbeidsgjevarsida forsøker å utnytte arbeidsledigheita og koronakrisa til å fortsette mindrelønnsutviklinga for vektarane. Dei satser på at ein streik vil vinne mindre sympati i ein slik situasjon. Det er kynisk av arbeisdgjevarorganisasjonen til vaktselskapa, selskap som har gitt svært god lønnsomheit for eigarane i mange år.
Me oppfordrar både fagforeningar og enkeltpersonar til å vise arbeidsgjevarane at slik kynisme tolererer me ikkje og at me gir full støtte til dei streikande vektarane.