LO i Stavanger og Omegn gir sin fulle støtte til bussjåførane organisert i Fellesforbundet, Fagforbundet, Norsk Jernbaneforbund og Yrkestrafikkforbundet som er i streik frå i 20.september.

Bussjåførar kan vere opptatt på jobb i 70 timer pr uke men får bare betalt for halvparten. Årsaka er det som blir kalt for delte skift, med friperioder mellom kjøreoppdrag som ein i praksis ikkje kan nytte som fritid med familie eller venner. I tillegg har bussjåførar dårleg lønn. Dei siste tre åra har forskjellen mellom årslønna til ein bussjåfør og årslønna i industrien auka med kr 16 000,- i disfavør av bussjåføren. Dette har skjedd til tross for at arbeidsgjevarane for 13 år sidan blei enige med organisasjonane til bussjåførane om at lønna skulle nærme seg industrien. Dette løftet har arbeidsgjevarane aldri hatt til hensikt å holde. Nå er det på tide at dei blir stilt til ansvar.

Samfunnet vil trenge 1000 nye bussjåførar årleg i tida framover. Då må yrket bli meir attraktivt enn det er i dag. Skal det skje så må krava frå sjåførane sine organisasjonar om ei familievennleg arbeidstid, mulegheiter for kompetanseutvikling og ei lønn på nivå med industrien innfris.

Me oppfordrar både fagforeningar og enkel personar til å gi full støtte til dei streikande bussjåførane.